FYLKESMESSA 2010

Ungt Entreprenørskap (www.ue.no ) arrangerte fylkesmessa for elevbedrifter (grunnskular) og ungdomsbedrifter (vidaregåande skular) på Eid vidaregåande skule torsdag 11. mars 2010.

Frå Stryn ungdomsskule var desse bedriftene med:

  • ”Binderpunch” ved Rikard Kirkeeide Bøe og Markus Træen. Dei har utvikla ein perm der ein har perm og holmaskin i eitt. Dei fekk førstepremie, 500 kr
  • ”StryNet” ved Andreas Nesdal. Sølve Bøe Hunvik, Jørgen Runshaug og Knut-Olav Øvreeide (sistnemnde var ikkje med på messa). Dei har laga ei webside der dei vil tilby webutvikling til andre aktørar. Sida er under utvikling. Dei fekk andrepremie, 250 kr.